Viktig heimekamp for GHK herrane til helga I tillegg til skuleturneringa som varer både laurdag og søndag, skal også herrelaget i 2.divisjon spele ein viktig heimekamp mot NHHI på laurdag medan jente 16 laget tar turen til Sogndal for å møte heimelaget der. Også det på laurdag.
Klarer Edvin å lure målmannen til NHHI også? Her frå kampen mot Norønna sist helg.
Til helga er det klart for mykje handballmoro i Firdahallen, når alle barneskulane i Gloppen møtast til årets skuleturnering i regi av Gloppen Handballklubb.
Klubbesøk frå NHF Region Vest GHK hadde i kveld besøk av klubbutviklar Erlend Vågane frå Regionen. Ei lydhørt og engasjert forsamling brukte to og ein halv time på diskusjon omkring utfordringar og planer framover for GHK.
Nytt oppsett for jente 15 serien Som meldt i helga, avslutta GHK sitt jente 15 lag seriespelet med siger borte mot Skavøypoll. NHF Region Vest har no sett opp ein ny delt serie som skal danne grunnlag for kvalifisering til Fylkesmeisterskapen som vert avvikla i Stryn 14. og 15. april.
Solid seier! Gloppen skulle møte tabellnabo Norrøna etter ein månads kamppause. Vi står med tre sigrar frå tre tidlegar oppgjer og vi var favorittar til å vinne.
Jenter 15 avslutta sesongen med sterk bortesiger. GHK sitt jente 15 lag var i dag i Nordfjordhallen og avslutta sesongen med å slå heimelaget Skavøypoll 18-16, etter å ha leia 10-6 til pause.
Jostein og jentene avslutt med siger borte, og har hatt ein flott sesong. (Arkivbilde)
GHK damene knuste Stord 2 på heimebane GHK sitt 3.divisjonslag for damer hadde små problem med å slå Stord sine nest beste med kalassifra 34-19, etter å ha leia 21-11 til pause. Celina Nordbø vart kampens toppskårar med 7 mål, tett følgt av Eli-Anne med 6 mål.
Det er klart for ny kamphelg. Både damelaget i 3.divisjon og herrelaget i 2.divisjon har heimekamp denne helga. Jenter 15 skal til Nordfjordhallen på søndag.
Erlend Ulvestad til regional landslagssamling! Erlend Ulvestad er på nytt utteken til regional landslagssamling i handball. Erlend er i desse dagar på landslagssamling i handball for 96 mod (var tatt ut som reserve, men er kalla inn) i Skien. Når han kjem heim ventar altså ny samling i Haukelandshallen onsdag 25.januar. Vi gratulerer med uttaket.
Landslaget neste???
Tap i kampen GHK J-16 - Dale Dale er eit lag vi aldri har spela mot. Dei ligg som nummer 2 på tabellen, so det vert nok ein tøff motstandar.