Hovedside |
 |
E' du klar for innetrening igjen frå 1. november? O-gruppa startar opp att med innetreningar på tirsdagar kl. 19-21 frå tirsdag 1. november på bygdahuset.
Bli med!

|
Sluttstillinga i Grannekarusellen 2011 7 sigrar totalt vart det til Vikebygd IL i årets karusell mellom klubbane Bjoa IL, Vindafjord OL, Vikebygd IL og Ølen IL!
Jon Magne Svendsbøe vann langløypa, Arne Tveit og Birgitte Torbjørnsen vann mellomløypa, Vegard Skartland og Line H. Bjerga vann kortløypa inntil 17 år, Jarle Skartland og Tonje H. Bjerga vann nybyrjarløypa. Les hele saken... |
Resultater Grannemeisterskapen (og GK4) Ingebrigt Gule, Vindafjord O-lag, hadde laga fysisk krevjande løyper på søndre del av kartet Malasetvatnet 16. august. Årets Grannemeistrar vart kåra i høgt gras og med svært så svolten knott ved Stemmetjødnå. Då det var felles GK og NK løp, var det heile 46 deltakarar denne dagen. Haugesund IL stilte med langt dei fleste. Les hele saken... |
Resultatliste 5. og nest siste løp i Grannekarusellen og samanlagt Agnar Naustdal, Bjoa IL, stod for løypene i det flotte terrenget i Kolbeinshauglio mellom Eikås og Ølensvåg. Den utflagga junioren Per Øyvind Valen har hatt ein knallhaust med vestlandsmeisterskapstittel, og han knuste til i langløypa igjen denne gongen også.
Siste løpet i årets karusell går som sprintløp i Vikebygd tirsdag 6. september med Einar Martinsen som løypeleggjar. Les hele saken... |
Nye løyperekordar frå Gamlatunet til Vikestølen Nye løyperekordar frå vegkrysset ved Gamlatunet til husveggen på Vikestølen 11. juli:
DAMER: 1. Birgitte Torbjørnsen 41.04 min 2. Else Valen 43.00 min
HERRAR: 1. Jon Magne Svendsbøe 28.14 min
Send tida du brukar Jon Magne på tlf. 48 18 84 30 eller msvendsb@online.no så blir tida lagt ut på nettsida.
Les hele saken... |