Klubblogo







    Hjem        Kontakt oss    20.12.2014  



Turmarsjen startar frå parkeringsplassen i Hatleli.......

Av BM

Vil DU være med på tur til Raudlibøen på Søndag ??

Invitasjon til ein flott turmarsj!

Søfteland Turn- og Idrettslag inviterer med dette alle som bur på Søfteland til å bli med på opninga av den nyopprusta turvegen til Raudlibøen

søndag 31. august kl. 13.00.

Turmarsjen startar frå parkeringsplassen i Hatleli, mens den offisielle opnina av vegen skjer ved leikeplassen vel 300 meter inne på turvegen. Derifrå er det i underkant av 3 kilometer å gå til Raudlibøen. Søfteland Musikklag leiar marsjen inn på Raudlibøen

Ved start får alle delatakarane utdelt eit informasjonshefte om Raudlibøen, Raudlistova og det fantastiske turområdet marsjen går i. Deltakarane får og utdelt startkort med tippekupong for ein spørjekonkurranse som er lagt inn i løypa. Alle som fyller ut startkortet og er med i tippekonkurransen, blir premiert med sitjeunderlag frå Statsskog når dei kjem til Raudlibøen og leverer inn kortet. I tillegg blir det trekning av premiar mellom dei som har svara rett på alle spørsmåla.

PÅ RAUDLIBØEN

blir det musikk ved Søfteland Musikklag. Os kommune vil gje ei kort orientering om historia til Raudlibøen, Statsskog vil fortelja om arbeidet med turvegen og Idrettslaget vil sei litt om turområdet Raudlio og Gåssand. Det blir servering av kaffi og saft, men deltakarane blir og oppmoda om å ha med mat og drikke i sekken og bruka tid på å bli kjende i området.

Sjølve turmarsjen blir avslutta på Raudlibøen. Turen ut igjen til Hatleli kan deltakarane enten gå på turvegen eller i merka løype via Raudlihytta.

PARKERING

Det er plass til ein del bilar på parkeringsplassen i Hatleli, men det kan bli trongt om plassen. Idrettslaget oppfordrar familiar til å fylla opp bilane eller til å gå eller sykla frå Søfteland og inn til Hatleli. Frå Gåssandskiftet og inn er det nøyaktig 3 kilometer.

Søfteland Turn- og Idrettslag er glade for at Statskog har teke kostnadane og arbeidet med opprusting av turvegen, og vi synes det er viktig å få presentert vegen og det unike naturområdet for alle som bur på Søfteland.

Turmarsjen er sjølvsagt open for alle. Det kostar ingen ting å vera med.

Uansett ver, så garanterar vi ein fantastisk fin søndagstur!

Turmarsjen til Raudlibøen søndag 31. august 2008 blir avvikla i samarbeid mellom

Statskog Os kommune Friluftsrådet Søfteland Turn- og Idrettslag

 
28.08.2008 14:00


Skriv ut

 Tips en venn
  Flere nyheter i samme kategori Arkiv    
  Flott utgangspunkt før "finalen" 19.10.2013  
  Uavgjort i toppkamp 07.09.2013  
  Klar seier for a-laget i sesongåpningen 14.04.2013  
  Lørdag kommer det til å myldre på Stilvoll 04.04.2013  
  Tilbud fra Macron 05.04.2013  
  Sesongavslutning a-laget 04.12.2012  
  Fotball-lotteriet 2012 10.11.2012  
  Liga = Suksess og masse blide unger. 13.10.2012  
  Full rulle på STILvoll til helgen............. 08.10.2012  
  Null poeng på Osterøy for a-laget 28.09.2012  

Søfteland TIL - Fotball, , Boks 133, 5207  SØFTELAND
e-post: leder@s-til.com