Klubblogo


  Søk i idrettsnorge:
  





    Hjem        Kontakt oss    21.05.2012  

Orientering

Orienteringskurs

Vi får besøk frå Tormod Skilag tysdag 22. mai kl 1800 på skulen.  Vi startar med litt opplæring inne, før vi går ut og prøvar oss med kart og kompass. Det er fiont om du tek med kompass dersom du har.  Orientering passar for alle, gamal som ung - og det kan vel også vere greitt å få litt oppfrisking før tur-orienteringssesongen startar!

Terrengløp

Terrengløp på idrettsplassen

Onsdagane 9. og 16. mai er det terrengløp for alle på idrettsplassen kl 1800. Påmelding frå kl 1730. Det blir løyper som passar for alle, frå 100 meter for dei aller yngste til 3 km for dei største. I terrengløp er det lov både å gå og springe!

Terrengløpa inngår i Lomskarusellen som du finn informasjon om her; Lomskarusellen 2012

Fotball

Fotballsesongen i gang

Fotballsesongen starta opp att med den tradisjonelle vårturneringa i Skjåkhallen. Utesesongen er og snart i gang, og vi håpar på mange gode og spennande kampar med mykje publikum på idrettsplassen i sommar

G9 laget til Garmo IL med Martin, Simen, Ragnhild, Mari, Bjarne, Sara, Tor og Erling - eit superlag!


Høgkoll-lista

Høgkoll-lista oppdatert pr 4.4.2012

Høgkoll-lista er nå oppdatert

 

allidrett 110412

Allidretten blir ute i kveld

Frammøte på skulen

Skigruppa 04.04.2012

Premieutdeling i Garmo bygdahus

Laurdag 14.april kl 18.00 blir det

premiering for ljosløyperenna.

Garmo bygdahus arrangerer basar same kveld.

 

VEL MØTT!

 

Skigruppa

Birkebeinerrennet 2012

Gode tider av Garmo-løparane

Ragnhild Vestad gjekk birkebeinerrennet på 3.34.40. Dette var ny "pers" for Ragnhild som vart heilt oppe på 9. plass i klassa - og nr 99 av alle damene som deltok. Gudbrand Mo fekk tida 3.30.59, og Kjell Ekle sette også "pers" med tida 3.45.32. Sterke løp av løparane våre!

14.03.12

Skisportens dag 17.mars er avlyst

pga glatt veg og dårleg skiføre.

Plan 2 med Mån er heller ikkje noko godt alternativ,       mildværet har teke hardt der og.

Blir det "vinter att" med det fyrste prøver oss på nytt,                                 

følg med på heimesida!

 

Skigruppa

Inga-Låmi

Seier til Ragnhild på Inga-Låmi!

Ragnhild Vestad fortsett dei gode resultata med å vinne klassa i på Inga-Låmi. Ho fekk tida 1.42.29, med denne tida vart ho heilt oppe på 7. plass blant alle damane. Neste helg er det Birkebeineren for Ragnhild. Gudbrand og Kjell skal også gå Birkebeineren, slik at det er 3 deltakarar frå Garmo IL i år.

05.03.2012

Klubbmesterskapet på ski 07.03. er avlyst

og det blir allidrett.

Mildværet før helga gjer at vi ikkje får kjørt spor.

 

Minner om BYGDAMESTERSKAP i Bøverdalen

laurdag  10.03. kl 12.  Påmelding kl 10.30 -11.30    MØT OPP!!

 

Skigruppa

 

  Flere nyheter Arkiv    
  Tur til Fronsbadet 05.03.2012  
  Årsmøtet 21.2.12 28.02.2012  
  Søre-Ål runden 26.2.12 26.02.2012  
  Skigruppa 23.02.12 23.02.2012  
  Furusjøen Rundt 19.02.2012  
  Bygdamesterskap på ski 2012 17.02.2012  
  Grupper


 

Ynskjer du å motta nyheiter frå idrettslaget på e-post? Send ein e-post til post@garmo-il.com for å få registrert adressa di

 

 

Dersom du er med på aktivitetane - eller nyttar anlegga til Garmo IL - hugs kontingenten! Les meir

 

Ny side for løypeinformasjon for Lemonsjøen finn du her




Garmo IL, Svein Garmo, Ottadalsvegen 4461, 2685  GARMO
e-post: post@garmo-il.com