Klubblogo


  Søk i idrettsnorge:
  
  DiskutŔr
Les hva Edvin Øygard mener om 'Mål for sesongen?'
15.09.2014, 13:28






    Hjem        Kontakt oss    25.05.2015  

25 nye, og 22 "gamle" GHK-arar i sving

I dag hadde GHK invitert alle nye GHK-arar, altså 14 og 15-åringane, til trening i Trivselshallen med Daniel Dammyr. I tillegg hadde dei "eldre" spelarane møte for å diskutere komande sesong. 

Les hele saken...
Mot eit tettare og betre samarbeid

For nokre veker sidan inviterte GHK handballgruppene i idrettslaga i kommunen til ein diskusjon kring handballframtida i Gloppen. Alle laga møtte og var veldig interesserte i eit tettare og opnare samarbeid kring handballen framover, samt i at tida var moden for nokre endringar i organiseringa av handballtilbodet. Dette har vi jobba saman om dei siste vekene.  



Ny trenar for seniorlaga på plass!

Firda vidaregåande skule og GHK har i vinter/vår samarbeida om å finne ein ressursperson som kan fungere som handballærar på Firda og som trenar for seniorlaga til GHK. Dette har tidlegare vist seg å vere alt anna enn ei enkel oppgåve, men i år fekk vi særleg ein søkar begge partar var ekstra interesserte i; Daniel Dammyr frå Halden.

 

 

Årsfest på Gloppen Hotell

I kveld avslutta GHK sesongen med pizza, brus, blomar og premieutdeling på Hotellet. Kring 45 spelarar, trenarar og andre tilknytte klubben møtte opp. 




Les hele saken...
Siger over Ørsta/Volda

Det vart ein knipen siger 29-28 for GHK herrane i kveldens treningskamp mot Ørsta/Volda.  Etter å ha lege under 13-15 til pause, tok karane våre tak i andre omgong.  Utover i omgongen snudde GHK kampen og var ei stund oppe i 5 måls leiing.  Mot slutten tok møringane litt innpå, men sigern var aldri truga.

Les hele saken...
Treningskamp GHK-Volda

Volda sitt herrelag kjempar om opprykk til 2.div, og kjem i den samanheng til Gloppen og Trivselshallen for å møte GHK til treningskamp i kveld, torsdag. Kampstart kl.19.00.

Sikra ny 3.divisjonskontrakt med stil

Etter ein varierande sesong med både opp- og nedturar, måtte damene i 3.divisjon ut i kvalikkamp mot Kjøkkelvik 2 for å berge plassen i divisjonen. Laga vart fort einige om å satse alt på ein kamp, og møttast difor å dag i Fjalerhallen til kamp. 
Glade jenter, klare frå 3.divisjon neste år ˛g.


Les hele saken...
Årsmøte i GHK

I kveld var det årsmøte i GHK på Gloppen Hotell med 16 frammøtte. Årsmelding, rekneskap og budsjett vart gjennomgått og godkjent.

På saklista stod ˛g val av nye medlemmar til styret i klubben.

Deler av kveldens årsmøteforsamling



Les hele saken...
Kvalifiseringskamp på søndag

GHK sitt damelag i 3.div skal som kjent ut i kvalifisering for å berge plassen i divisjonen, også til neste sesong. Motstandar er Kjøkkelvik 2 frå Bergen.  Laga er no einige om å spele ein kamp på nøytral bane, istadenfor heime/borte.

Kampen går i Fjaler Idrettshall i Dale søndag 19.april kl. 16.00.  Truleg er dette ein av dei viktigaste kampane damene våre har spela på svært lenge, og vi ynskjer Ragnhild Bakketun Vederhus & co lukke til.

Årsmøte

Minner om årsmøte på Gloppen Hotell tysdag 14.april kl.19.00.



  Flere nyheter Arkiv    
  Damelaget må ut i kvalifisering 12.04.2015  
  Preben Indrebø til regionslagssamling 11.04.2015  
  To frå GHK til regional landslagssamling! 01.04.2015  
  Årets talent i GHK 21.03.2015  
  Tap for damelaget 21.03.2015  
  Ungdomen slo veteranane 21.03.2015  
  Knallkamp av jentelaget 21.03.2015  
  Leander Seime månadens talent i februar 21.03.2015  
  Sesongavslutning i Trivselshallen på laurdag 19.03.2015  
  Preben Indrebø kalla inn til spissa gruppe. 17.03.2015  
  Nyheter fra forbund
  Nyheter fra krets

 GENERALSPONSOR FOR GHK

 

 Neste heimekamp:

 Siste kampresultat:

Treningskamp herrer

GHK - Ørstad/Volda  29-28 

 Våre hovedsponsorar

 

 

REMA 1000 - Logotype

 

 

 Våre sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilderesultat for logo gloppen hotell

 

  

 




Gloppen Håndballkl. - Håndball, v/Norunn Sunde, Åsahøgda, 6823  SANDANE
e-post: gloppen@rvn.handball.no