NB! Listene i html-format inneheld ikkje markering for tillegg i tid for regelbrot.
Verdas største skiskyttarrenn blir endå større Komande helg er det klart for Bendit Liatoppen skiskytterfestival på Liatoppen. Ål skiskytterlag står som arrangør med god hjelp frå alle eigarlaga i skisenteret. Rennet får rekordmange deltakarar.
Klubbmesterskap i skiskyting Tysdag 31. mars arrangerte Ål skiskyttarlag klubbmesterskap i skiskyting på Liatoppen. I fint vårvær stilte 39 deltakarar til start. Mesterskapet vart avvikla med normalprogram med tillegg på 15-45 sek. pr. bom.
Klubbmesterskap Ål IL Tysdag 24. mars arrangerte Ål ski klubbmesterskap på Liatoppen. 49 deltakarar i alderen 8 år og oppover deltok. Rennet gjekk dette året i klassisk stil (annakvart år klassisk og fristil).
Bergsjørennet 2009 Laurdag 14. mars arrangerte Ål idrettslag, langrennsgruppa det tradisjonsrike turrennet frå Bergsjøstølen til Liatoppen. Rennet er 32 km langt og går i flott fjellterreng. Vær og føre var førsteklasses og dei ca. 100 deltakarne fekk ein flott tur. Raskaste løper i klassisk stil vart Pål Golberg frå Gol og raskaste fristil-løper vart Per Øyvind Mythe frå Hemsedal.
Showrennet/Gaurhovdrennet 2009 Torpo IL arrangerte 22. februar det 38. Gaurhovdrennet med start og mål på Liatoppen. Dette tradisjonsrike arrangementet starta som eit renn frå Leveld til Gol, men fekk for vel 20 år sidan Liatoppen som utgangspunkt for ei rundløype. Av dei 40 som stilte til start vart Tore Bjerkreim raskaste herre og Live Båsen raskaste dame.
Samstundes med turrennet gjekk Showrennet for aldersgruppa 8-16 år med klassevise fellesstartar. Her stilte 72 løparar til start.
SpareBank 1-cup skiskyting 8. februar SpareBank 1-cup i skiskyting vart arrangert på Liatoppen sundag 8. februar. Rennet var også KM sprint for Buskerud for klassane 13 år og eldre.
Webkamera og værstasjon Endeleg er både webkamera og værstasjonen i drift på Liatoppen skisenter. Dette er meint som eit tilbod til alle brukarar av skisenteret. Liatoppen skisenter er stolt av å kunne tilby brukarar denne ekstraservicen. Tek me med GPS-oppdateringar av preparerte løyper kan du no sjekke både løyper,vær og føre før skituren. Webkamera er sponsa av Byggmester Morten Sjemmedal AS, medan værstasjonen er sponsa av Sjemmedal og Liatoppen Fjellstove i fellesskap. Stor takk til dei! Sjekk webkameraetog bli inspirert til å ta ein tur på ski. Sjekk løypeprepareringa så ser du kva løyper som er preparert og sjekk værstasjonen for å sjå kva du skal smøre med.