Klubblogo


  Søk i idrettsnorge:
  
  Diskutèr
Les hva Magnar mener om 'Skiforhold på Kleivane'
14.04.2012, 15:37


  Vi spør
Vert du med på Gloppe-Trimmen i år?

Ja, så ofte eg berre kan!
Skal nok få med meg nokre gonger
Nei





    Hjem        Kontakt oss    20.05.2012  

Gloppe-trim nr 4

78 trimmarar møtte i Bukta på 16.mai-kvelden, noko som var uventa bra.  Vi hadde rekna med at stryking av bunadskjorter og golvvask stod høgt på programmet, men mange hadde tydelegvis planlagt godt, og kom seg ut på trim-tur.

Resultat frå 4. trimkveld ligg no under:

Æresmedlem Leiv Bakketun er død

Ein av æresmedlemene i Fjellhug/Vereide il, Leiv Bakketun døydde i går, 88 år gamal.

Leiv hadde ymse tillitsverv i idrettslaget opp gjennom tidene, m.a. var han leiar i Vereide il 1950-1953, og 1958-1962.

Leiv har alltid vore interessert i idrett generelt, og Fjellhug/Vereide spesielt, og har nok hatt eit ekstra godt forhold til handballen, der han m.a. trena jentene fram til fleire krinsmeisterskap.

Laget har med Leiv Bakketun sin bortgang mista ein idrettsinteressert og folkeleg æresmedlem.

MOBILTELEFON INNSAMLINGA; utsett frist

Siste frist for innlevering av brukte og øydelagde  mobilar: Fristen utsett til 13.mai.

Lever dei på Statoil og hjelp idrettslaget med litt inntekt!  Då gjer du også ein god gjerning for miljøet.

To frå Fj/V til motbakkeløp i Sogn

Lars Otto Alme og Sverre Nesdal Aske deltek laurdag på motbakkeløpet Storehaugen Opp i Lærdal. 

Storehaugen Opp er første løpet i motbakkekarusellen i Sogn og Fjordane, der dei to andre løpa er Hovlandsstøylen opp 3. juni i Eikefjord, og Svinestrandløpet her på Sandane 9. juni.

Terminliste for Sogn og Fjordane Friidrettskrins

Her er terminlista for Sogn og Fjordane Friidrettskrins.  Skriv den gjerne ut, så har du den tilgjengeleg! Etter ei stund hamnar den i Arkiv her på heimesida, då kan du sjølvsagt bla deg nedover og finne den der.  Link til terminlister finn du her

Les hele saken...
3 veker til NM Kappgang

Tida går fort, og det nærmar seg tid for NM kappgang i Sandane-gatene.  Arrangementskommitèen har full kontroll, funksjonærlister er sett opp, og sendt ut, invitasjonen er komen på Friidrett.no, og no manglar vi berre god temperatur i lufta.

(Biletet: Arrangørens eigen eminente kappgangar Merete Helgheim, er rapportert bokstaveleg tala i "godt gjenge"!)

Gloppe-Trimmen, Runde 3

Like mange som sist; i kveld var det også møtt opp 126 til trimkveld.  Og i kveld var det kanskje nokon ekstra som møtte sidan Gloppen Helselag hadde samarrangement med oss med sin Hjartemarsj. Kanskje ser vi nokon av desse igjen seinare? Lister over konkurranse og trim, samt liste for alle tre konkurransane finn du under:

 

Stor utmerking til Odd Bjørn

Odd Bjørn Hjelmeset har i dag fått tildelt Ekebergs Ærespris, som er noko av det gjevaste ein idrettsutøvar kan få. For å få den må du ha vore i verdstoppen i ein idrett, samt å vere god på nasjonalt nivå i ein annan idrett.

Ski er sjølvsagt hovudidretten til Odd Bjørn, men han har også hatt mange flotte prestasjonar på friidrettsbana, med bronse på 3000 m hinder i NM 1999 eit høgdepunkt.

Fjellhug/Vereide gratulerer vår gode idrettsambassadør med den store utmeringa!

(biletet:  Odd Bjørn slik vi også likar å sjå han: I lag med ungar på Kleivane)

Friidrettsskulen: Seriestemne på Idrettsplassen

Fjellhug/Vereide hadde flytta Friidrettsskulen inn på Idrettsplassen på Sandane denne tirsdagen, og det var 30 sprekingar som møtte fram.  I tillegg kom fire frå STIL, som ikkje startar opp friidrettstreninga før etter 17. mai.

Så kjekt med stemne at vi kanskje skal dra på eit stemne utanbygds før Sparebankleikane, som går i 29/6-1/7 ?? Dette må vi kome tilbake til, når/dersom vi får nokre tilbakemeldingar frå foreldra.

Resultat frå stemnet:

O-trening onsdag 9/5.

Denne gongen brukar vi terrenget i Mona, og møtest i Åsavegen ved barkeløypa kl. 1800.

  Flere nyheter Arkiv    
  Breimstafetten - ein kald fornøyelse 06.05.2012  
  Grupper

  Nyheter fra media
  Nyheter fra forbund
» Spillemidler til utstyr 2010
» Idrettsrådskonferansen 2011
» Miljødepartementet godkjenner ubyggingen av Tryvann vinterpark - stor seier for idretten
» Kompensasjon av mva. ved bygging av idrettsanlegg
» Frivillig for verdighet - Global Dignity Day
» Idrettsforbundets kunnskapsturné 2010
» Holdningskampanje: Idrettsglede for alle
  Nyheter fra krets
» Aktivitetsleiarkurs i barneidrett
» Stimuleringssamling hausten 2010
» TOPP-idrettsutvikling for ungdom 16-19 år
» Innføring av ordning for kompensasjon av merverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg
» Ønskjer din klubb å bli enno betre på aktivitet og klubbdrift?
» Barneidrett - den viktigaste idrettsarenaen!

  Idrettsnyheter
 
» Styret i GIR 2010 
» Fordeling av aktivitetsmidlane i Gloppen 
» Lågare tildeling av aktivitetsmidlar i år 
 
» Flere idrettsnyheter


Treningstider -  linkar

Friidrett     Volleyball    Trim

Handball     Barneidrett

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

E-post til heimesidene våre: dagfinn.nyhammer@c2i.net  

 

Vil du bli medlem i Fjellhug/Vereide il? Kontakt Merete Aske, 97697480  mereteaske@yahoo.no

 

 

 

 

 

Terra — Finanshuset for folk flest

 

 

 

 

  

Kontonr. til Fjellhug/Vereide il er: 3710.30.87512 ________________________________________



Fjellhug/Vereide IL, Sigmund Arild Vereide, Austrheim, 6823  SANDANE
e-post: promiljo@vereide.net