Klubblogo


  Søk i idrettsnorge:
  




    Hjem        Kontakt oss    09.02.2010  

  Trim-gruppa
FJELLHUG VEREIDE VESTAR

  

 

Som de kanskje har fått med dokke har vi fått oss lagsvest. Dei som bestilte først(føre jul),har no endeleg fått dei.

Ny bestilling blir sent frå G-sport onsdag 3.februar. So dei som endå ikkje har bestilt, må skunde seg inn på butikken. Den finst for både vaksne(kr.399) og barn(kr.299.-)

Resultat karusellrenn nr 1.

Onsdag 20.januar:Det var fint, klart vinterveir og ca 8 minusgrader ,og med blå swix under skia, vart det sett ny deltakar-rekord i skikarusellen på Kleivane. 100 små og store deltok på dette fyrste rennet.

Les hele saken...
Sirkeltrening mm

Minner om at sirkeltreninga på Nordstranda skule er starta opp att etter juleferien. Måndagane Kl 19.00- ca 20.15. Det har vore 20-30 stk i alle aldrar. Så det er berre å kome seg igong att! Alle er velkomne - både nye og gamle deltakarar.

Elles er der Dametrim tysdagar kl. 20.00 – 21.30 ved Berit Åsebø Hauge. Herretrim torsdagar 20.00 v/ Per Andenæs

Torsdagane er det også eit "ope opplegg" på Nordfjord Folkehøgskule for ungdom,både gutar og jenter( ca.18-25 år?). Dei aktiviserar seg sjølve, gjerne med fotball el basketball. Kl.21.00-22.00.

SKI OG SNØSAMLINGAR FOR FUNKSJONSHEMMA

I samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentralen inviterar Sogn og Fjordane Skikrins til
ski- og snøsamlingar for funksjonshemma 08. og 09. februar 2010.


Les hele saken...
Svinestrandløpet

Svinestrandsløpet går av stabelen søndag 21. juni kl 13.00 fra Heradsplassen. 

 

Slutt på innesesongen for trimgruppene

Både måndags- tysdags- og torsdagstreningane som Trimgruppa står for, har avslutta til påske. No framover blir det uteaktivitetar.

 Ved avslutninga kan Bjarne glede seg over jamt godt frammøte gjennom vinteren, og deler ut roser til dei to flittigaste.

Ingvill Austrheim og Frida Bertine Nygård er aldri sjuke, eller opptekne med andre ting på måndagskvelden!      

 



Heidersprisen til Rune Hauge

Fjelltrim-generalen framfor nokon i Fjellhug/Vereide, Rune Hauge, fekk tildelt Heidersprisen under årsmøtet søndag.  Han har gjort ein formidabel innsats for fjelltrimmen gjennom mange år, ein fjelltrim som andre lag, iflg. prisvinnaren, misunner oss.  Rune Hauge har også vore leiar i Fjellhug/Vereide, og vore med i både ski- og friidrettsgruppa tidlegare. Ein velfortent pris til ein som har vore engasjert i idrettslaget gjennom lang tid!

Edvard Fjellestad lagsmeister i langrenn

Søndag 1.mars vart det arrangert lagsrenn i langrenn på Kleivane. Vel 50 deltakarar stilde opp i det litt ruskete vinterveret. Alle fekk saft og kake etter målpassering, og til slutt fekk alle ein fin premie med seg heim.

Les hele saken...
MÅNESKINSTUR TIL HAUGSVARDEN

TIRSDAG:  KLARVER OG FINT - SKULLE VERE GODE SJANSAR FOR MÅNESKINSTUR TIL HAUGSVARDEN I KVELD. DET ER NYKØYRDE LØYPER HEILT TIL TOPPS,CA SÅ FINE SOM DEI PÅ BILDET!

Trikkespor, foto Ronny Solheim


Les hele saken...
Sirkeltrening

Ståle og Brita

Sirkeltreninga på skulen kl 19.00-20.30på måndagane er starta opp att etter juleferien. ca 20 stk har vore med, men det er plass til fleire. Passar for alle aldrar, for det er opp til kvar enkelt kor hart ein vil ta det.

Fleire bilder frå dagens trening her: http://picasaweb.google.no/astrid120369

  Flere nyheter Arkiv    
  På'an igjen måndag 04.01.2009  

E-post til heimesidene våre: dagfinn.nyhammer@c2i.net  

 

 

 

 

 

Terra — Finanshuset for folk flest

Vil du bli medlem i Fjellhug/Vereide il? Kontakt Ståle Austrheim 57865931/ 45881449   stale.austrheim@enivest.net

 

 

 

 

 

  

Kontonr. til Fjellhug/Vereide il er: 3710.30.87512 ________________________________________

 


Fjellhug/Vereide IL, Liv Tystad, Nordstrandsvegen 39, 6823  SANDANE
e-post: lty@lottstift.no