Klubblogo


  Søk i idrettsnorge:
  
  Diskutèr
Les hva Jan Arve mener om 'Skiføre i lysløypa'
10.01.2012, 19:08






    Hjem        Kontakt oss    28.01.2012  

Resultatliste Karusellrenn onsdag 25. januar

Her er resultatlister frå kveldens skirennn på høgdene. Det var fine forhold i lysløypa, sjølv om det bles litt.

Resultatliste utan tider for dei minste er lenger nede i artikkelen, medan du kan laste ned Resultatliste karusellrenn 25-01-2012.

Om nokon av dei som er 10 år og yngre vil vite tida si, må dei kontakte Martin eller Anne Berit.

Karusellrenn onsdag 25. januar

Det blir karusellrenn onsdag 25. januar kl. 18.00. Fristil.

Minner om at det er viktig at alle møter i god tid til start. Men om nokon veit at dei kjem i siste liten, er det bra om dei ber nokon hente startnummer til seg, så slepp vi å leite febrilsk etter startnummer i siste sekund!

Flotte løyper i Gjengedalsmarka

Det var kjempegode spor og flott preparerte løyper frå Dalheim til både Åsøylen og mot Gjengedalsstøylen i dag. Svein har gjordt ein kjempeflott jobb med løypene. Tusen takk!



Karusellrenn 18. januar utsett

På grunn av dårlege vêrmeldingar har vi valt å utsetje karusellrennet som står på planen 18. januar. Vi har bestemt dette allereie no fordi vi då har tid til å organisere vanleg idrettsskule i staden. Det blir vanleg idrettsskule med gymsal og basseng for både onsdags- og torsdagsgruppa denne veka. Dette rennet og det som gjekk ut forge veke vil bli sette opp på nytt, men vi har ikkje klar datoar enno. Dei som er sette opp som bollebakarar, vil bli spurde om å ha med bollar på dei nye renna i staden. De får melding når nye datoar er klare.

Tillitsvalde i Hyen IL 2012

Det vart nokre endringar i dei tillitsvalde ved siste årsmøte.

Lenger nede er oversikt  over alle tillitsvalde i idrettslaget.

Du kan også laste ned pdf her. Tillitsvalde 2012.

Årsmøtet: Vedtok banebygging i år!

 

Årsmøtet vedtok fredag kveld å realisere baneprosjekta som vi har jobba med å få til. Det var eit samrøysta vedtak som blei gjordt. 

Dette var hovedsaka på årets HIL-årsmøte, der det også vart vedteke å endre Sykkelgruppa til Spinninggruppe, og å legge ned/ avvikle Fjellhug/Vereide -Hyen Skilag.

Fredag den 13. kan derfor bli ein dag som blir viktig for både idrettslaget og bygda.

Større bilete/skisser lenger nede i artikkelen.

Les hele saken...
Karusellrenn i kveld er AVLYST!

Karusellrennet som skulle starte kl 1800 i kveld, onsdag 11. januar, måtte avlysast pga bilberging.

Ein semitrailer sperra vegen i bakken ovanfor Hopsstøylen. På grunn av bergingsarbeidet vart derfor skirennet avlyst. Det ville bli seint for dei minste, då vi ville fått store forsinkelsar. Når ikkje vi rakk oppset tidsplan, måtte vi ha trekt opp at startrekkefølge, med nye starttider, og det tar tid.

Vi beklager dette, og oppfordrar trafikantane til å sko seg godt, så vi slepp slike avlysningar.

Seniorane må sjølvsagt avvikle "sitt renn" seinare i kveld, om det høver for dei.

Hyen treng dommarar i fotball!

Kvart år får Hyen Il bot frå fotballkrinsen, denne er på ca 4000 kr. Dette er sure kroner for idrettslaget. Grunnen til at vi får bot er at vi ikkje har nokon fotballdommarar. Eg vil derfor reklamere litt for fotballdømming.

Les hele saken...
  Flere nyheter Arkiv    
  Hyesprinten 07.januar 08.01.2012  
   Bilete frå SSF Cup / Hyesprinten 07.01.2012  
   Resultat frå SSF Cup / Hyesprinten 07.01.2012  
   Årets fyrste karusellrenn 04.01.2012  
  Grupper

  Nyheter fra media

Ved å klikke på logo'en over vil du få statestikk på Grasrotandelen.

 

 Våre sponsorar er:

 
 
 

 

 

 

 Vår utstyrsleverandør:

 

Ledig sponsorplass

 

 




Hyen IL, c/o Jan Arve Heimsæter, Hyen, 6829  HYEN
e-post: hyen.il@enivest.net