Klubblogo


  Søk i idrettsnorge:
  





    Hjem        Kontakt oss    28.01.2012  

Neste rennhelg på Liatoppen: 25. og 26 februar

I slutten av februar blir det ei flott rennhelg på Liatoppen med ikkje mindre enn 3 konkurransar. Laurdag 25. februar går Ål-rennet i fristil arrangert av Ål IL av stabelen. Sundag 26. feburar arrangerer Torpo IL sitt Showrenn i klassisk med klassevise fellesstartar. Same dag arrangerer også klubben turrennet Gaurhovdrennet for 40. gong. Start og mål er på Liatoppen og delar av løypa går i samband med jubileet i den opprinnelege traseen. Løypelengda er difor auka til 44 km.

Velkomen til ei flott rennhelg på Liatoppen i vinterferien!

Invitasjon Ål-rennet
Invitasjon Gaurhovdrennet

Påmelding Ål-rennet
Påmelding Showrennet
Påmelding Gaurhovdrennet

Ribberennet 2011

Værgudane prøvde alt dei kunne, men klarte ikkje å stoppe det tradisjonsrike og populære Ribberennet på Liatoppen 4. dag jul. Arrangøren, Torpo IL, fekk ei utfordring etter stormen Dagmar sine herjingar juledagane. Løypetraseen var full av rusk og kvist, samt fleire våte parti. Stor dugnadsinnsats gjorde at løypene framsto i bra stand renndagen.

På startstreken stilte 223 deltakarar klare til å få av seg litt av juleribba. Ingen såg ut til å vere synleg hemma av julehelga og alle leverte gode prestasjonar. På førehand lag det an til ein duell mellom dei raskaste skiløparane i Hallingdal for tida, Pål Golberg frå Gol og Vetle Sjåstad Christiansen frå Geilo. Då Pål mangla på start, vart det Vetle som var raskaste herreløper. Av damene var Mari Eide, Øystre Slidre IL den raskaste. Ho gjennomførte eit solid løp på sin 10 km.

Vetle Sjåstad Christiansen, Geilo IL (til venstre) og Håvar Sørbøen, Ål IL (til høgre) i fint driv.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er resultat frå Ribberennet 2011: pdf

Værmelding frå yr.no

Her er værmelding for Liatoppen dei komande dagane:

Kor blir det av snøen?

I fjor på denne tida var kuldegradene mange sjølv om me ikkje hadde den store snømengda. Dei siste dagane har det vore høge temperaturar på åsen. Her er bilete frå 9 november då temperaturen var 7 grader midt på dagen:

Les hele saken...
Bendit Liatoppen skiskytterfestival 2011

Årets Bendit Liatoppen skiskytterfestival er historie. Våren slo til for fullt under arrangementet og tok mykje av snøen, men føret held akkurat.

Les hele saken...
Klubbmesterskap Ål skiskytterlag

I vårsnø og tunge forhold arrangerte Ål ssl sitt klubbmesterskap torsdag 31. mars. Løpet gjekk som normalprogram for klassane 16 år og yngre, medan juniorane kjempa seg gjennom ein fellesstart med 4 skytingar.

Resultatliste

Bergsjørennet 2011

Årets Bergsjørenn gjekk som vanleg frå Bergsjøstølen til Liatoppen. Det var knytt ei viss spenning til om starten kunne gå i høgfjellet på Bergsjøstølen ettersom vervarselet i forkant varierte mellom bris og stiv kuling. I fjellet var det ikkje vindstille, men ikkje verre enn at løparane hadde ein fin tur på eit raskt føre.

Raskaste "klassiker" på herresida var Kjetil Andre Bjerkrheim, Nesbyen IL på tida 1.27.37 medan raskaste dame var Julie Synnøve Ensrud, Trøsken IL på 1.58.46. I fristilklassa var Joar Tistel, Vik IL raskast på 1.21.25 på dei 32 kilometerane.

Resultatliste

Klubbmesterskap Ål IL

Torsdag 24. mars arrangerte Ål IL sitt klubbmesterskap på Liatoppen. Etter mildværet dei siste dagane var det eit skarpt føre som møtte deltakarane. Gledeleg med så mange deltakarar i dei yngre årsklassane.

Resultatliste

Gaurhovdrennet/Showrennet 2011

Torpo IL arrangerte Gaurhovdrennet og Showrennet på Liatoppen den 20. februar. Som på gårsdagens Ål-renn, var det eit nydeleg vintervær som møtte deltakarane. Evigunge Tore Bjerkrheim, Nesbyen var dagens raskaste mann på tida 1.06.54. Nærast følgde sonen Kjetil Andre Bjerkrheim på tida 1.08.13. På kvinnesida var det Marte Mestvedthagen som var raskast i den 24 km lange løypa.

I showrennet var Katrine Seim nok ein gong uslåeleg og vann si klasse med god margin.

Resultatliste:     html

Ål-rennet 2011

Ål ski arrangerte Ål-rennet 19. februar på Liatoppen skisenter. Rennet gjekk i strålande flott vintervær. Kuldegradene var mange, men på rett side av kuldegrensa. Totalt stilte 98 løparar på startstreken, dei fleste i dei yngste klassane.
 
Resultatliste:    pdf        html


  Flere nyheter Arkiv    
  Resultat Spar Cup 7.-9. januar 07.01.2011  
  Ribberennet 2010 24.12.2010  
  SpareBank 1 cup i skiskyting 12. desember 06.11.2010  
  Nyheter fra media

 Liatoppen no:
 

 Værstasjon:

 

 

______________________________

Skisenteret har mange sponsorar. Sjå komplett oversikt under Lenker og Sponsorer i venstremenyen.

______________________________

Ønskjer du å få lagt ut stoff på www.liatoppen.com? Ta kontakt med:

Erling Hagen
erling_hag1@hotmail.com
Tlf 991 55150
______________________________




Liatoppen Skisenter, , 3570  ÅL
e-post: kaarhag2@frisurf.no