Mini-avslutning

Torsdag 12.04.12 hadde minihandballgjengen avslutning for sesongen, handball-gruppa sponsa med pølse i brød, saft og litt godterier, Renate som har vore ein av lagledarane i år hadde laga kjempegod sjokoladekake og kanelsnurra, tusen takk for det!
Irene hadde laga handballquiz, noko som engasjerte alle som hadde møtt opp på avslutninga
Trenarane takkar for denne sesongen, det har vore veldig kjekt med bra innsats og mange fine kampar på turneringane vi har deltatt på.
Ellers må vi takke for hjelpa frå foreldra på treningane og når vi har vore på turnering.
Til slutt må vi takke Renate Naustdal og Anne Sofie Hauge Igland for deira hjelp som lagledara for kvar sin gjeng, de har gjort en super innsats!
Beste helsing trenarane på minihandball 2011-2012
John-Håvard, Irene og Robert.

Les hele saken... |