|
 |
 |

|
 |
 |

 |
VIKTIG MELDING OM ÅRSMØTE

Årsmøte i Jølster IL vert tysdag 9. mars kl 20.00
SISTE FRIST FOR INNLEVERING AV ÅRSMELDING ER SETT TIL 20. FEBRUAR.
Siste frist for forslag til kandidatar til liten og stor Bragdstatuett er sett til 20. februar. (til Houvudstyret)
Årsmøtet vert på Skei misjonshus.
Alle møtereferat frå idrettslaget siste året med meir kan du lese ved å gå på linken referat styremøter i menyen på hovudsida.

|
 |
 |
 |
SSF KARUSELL LANGRENN SØNDAG 14. FEBRUAR KL 12.30
 Sonerenn i Bjørkelia!
|
| arkivfoto | Søndag 14. februar kl. 12. 30 arrangerer Jølster IL, langrennsgruppa SSFkarusell/sonerenn for Sunnfjord i Bjørkelia, Vassenden. Sonerenn er eit tilbod som ligg mellom karusell- og krinsrenn, og ein ynskjer å rekruttere fleire til å delta på renn utanom eige lag.
Skikrinsen sin hovudsponsor i langrenn, Sparebanken Sogn og Fjordane, er samarbeidspart. Det er tre sonerenn i Sunnfjord denne vinteren, og Jølster IL skal altså arrangere eitt av desse.

Les hele saken... |
 |
 |
 |
KM Aldersbestemt
 Juniorlaga klare for KM sluttspelet.
|
| Alle dei tre nykommarane i A-stallen var delaktige på jr. laget i helga. Frå venstre: Fredrik Olsen Høie, Kim Andrè Herstad og Sondre Herstad. |
Trass i 3-2 tap i semifinalen mot Eid som vann KM kvalifiseringa i Nordfjordhallen for junior herrar kvalifiserte Jølster seg for sluttspelet som går av stabelen samme plass om ein måned.
Både gute og jentelaget hadde marginane mot seg og greidde ikkje å kvalifisere seg for finalespel.

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Karusellrenn i Stardalen 6/2

God deltaking på ein flott vinterdag! Heile 67 deltok i rennet som vart arrangert på Veiteberg. Fint vêr, men litt kaldt etter at sola gjekk ned.

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Markvard vann begge dagar på Harpefossen

 Jølster Alpin stilte med 17 løparar på Harpefossrenna på Eid i helga som var. I gutar 11 år hadde vi med heile 4 løparar, og Markvard Årset vann klassa si både i slalåm og storslalåm. Krister Smådal vart nr 3 i SSL på laurdag, og til venstre i biletet ser du Kristen Slåtten.
Sjå vidare for resultatinfo m.m

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Mykje nytt på dei ulike sidene!
 VM tittel til Knut Olav! Under Vestlandsmeisterskapen i langrenn vart det både gull og sølv til Knut Olav Øygard. Les meir på skisidene
På friidrettsidene kan du lese meir om at ein av profilane i miljøet melder overgang til GFIL.
Terminlista for Firdaligaen 2010 er klar. Den og anna stoff kan du finn på fotballsidene.

|
 |
 |
 |
Gratulerer med dagen Magnus!

|
| Magnus Hope i herleg driv på oppløpet dagen før sin 70 årsdag. |
LEIAREN FYLLER 70 ÅR! Magnus Hope, som igår hadde den 11. beste tida av alle deltakarane under skøytesportens dag fyller idag 70 år.
Jølster-il.no vil gratulere leiaren i idrettslaget med dagen!

|
|
|
 |
 |
|
|
 |
|