 |
Sjur er sjef også i 2012
 Fotball: Sjur Gimmestad held fram som leiar i fotballgruppa i STIL. Den populære fotballsjefen vart attvald med akklamasjon under årsmøtet fredag kveld. Årsmøtet behandla også spørsmålet om kaldhall, og gav styret fullmakt til å arbeide vidare med planane. Nye medlemer i fotballstyret er Stine Kvamme og Wenche Håvik. Marianne Hjartholm er ny i økonominemnda.
|
| Forhåpentleg får Sjur fleire grunnar til å smile i fotballåret som kjem. |

Les hele saken... |
 |
 |
 |
KM innandørs for seniorlag
 Fotball: Sandane-herrane deltar i morgon i KM innandørsfotball.

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Årsmøte i fotballgruppa i kveld
 Fotball: Fotballgruppa har årsmøte fredag kveld kl 1800. Forutan vanlege årsmøtesaker er også kaldhallen på Myklebustflata årsmøtesak. Nokre styremedlemmer er på val, det same er styreleiar.

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Ruben og Mads er tilbake!

|
| Mads og Ruben Wie er tilbake i STIL-trøya. Vi går ein spennande sesong i møte! Foto frå sesongavslutninga mot Vik i 2009 (Sjur G.). | Fotball: Spissduoen Ruben og Mads Wie er tilbake i Sandane-trøya. Overgangane vart stadfesta av NFF onsdag, og dermed har blåtrøyene fått ei forsterkning som vil vise igjen når ballen byrjar å rulle om ikkje for lenge.

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Årsfest fredag 3. februar 2012
 No nærmar det seg Årsfesten med stormskritt. Komiteen satsar på at det vert nok ein frydefull kveld. Underhaldninga startar i kultursalen kl. 19:00. Det vert ca 1 time og 15 minutt med underhaldning og prisutdeling. Etterpå vert det open kiosk med høve for kjøp av varm mat, ope bibliotek, diskotek for barna, Zumba, wii ++.
Festen varar til kl 22:00.

Blant anna skal Aaron Nyemah synge ein rap saman med Khaled Akhmed Hakimi denne kvelden.

|
 |
 |
 |
Påmeldingsfrist i dag 25.januar til turnstemne i Høyanger
 Alle turnarar frå 2. klasse og oppover er velkomne til å melde seg på turnstemnet i Høyanger 21. og 22. april 2012. Det er veldig kjekt å vere med på stemne, og dette er høgdepunktet i løpet i turnsesongen.
|
| Gruppebilde av alle som var med på stemnet i Nordfjordhallen i 2011 |

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Hjelpetrenarkurs - turn

Laurdag 18. februar vert det hjelpetrenarkurs i Firdahallen!!
Kurset er for turn-trenarar som trenar barn. Aldersgrense for kurset er 13 år og oppover. Kurshaldar er Knut Helge Rygg.
Kurset vert arrangert i regi av Sogn og Fjordane Gymnastikk og Turnkrets

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Kva med ein pinsetur?
 Fotball: For den som vil spele turneringsfotball er det mykje å velge i. Sandane-fotballen har tradisjonelt ikkje vore dei flittigaste til å ta seg ut i verda, og vi nyttar høvet til å bringe vidare ein hyggeleg invitasjon frå Ingmar Sægrov og Øystese Fotball. Gutar og jenter frå 6-12 år er inviterte til Øystese Pinsecup!
|
| Turnering på Sandane 18.09.2011. Foto: Sjur G. |

Les hele saken... |
 |
 |
 |
Symjekurs for trenarar
 For å gje eit godt symjetilbod i STIL til hausten treng vi trenarar. Symjekretsen arrangerar Trenar I kurs i Førde den 2. - 4. mars 2012.
STIL ynskjer å tilby trenarkurset til dei som er interessert i å vere trenarar i symjegruppa vår. Interesserte kan sende melding til post@sandanetil.no

|
 |
 |
 |
Oppstart av symjegruppe
 Torsdags kveld hadde STIL oppstartsmøte for den nye symjegruppa vår. Formelt sett skal hovudstyret vedta opptak av symjegruppa på årsmøtet den 6. februar 2012. Der etter skal søknad sendast idrettskretsen for godkjenning. Styret vert sjåande slik ut: Leiar Pieter Koopmans, nestleiar Theo Mekke, sekretær Hilde Gloppestad, kasserar Ingrid Sandene og styremedlem Marcus Teigene.

Les hele saken... |