Resultat Fjord1 Cup i Blomlia 25.01.2012 Rundt 75 unge lovande alpinistar stilte til start på onsdagens Fjord1 Cup i Blomlia. Marit Ova Bøyum og Andreas Strand (begge Jølster IL) vart raskast denne onsdagskvelden.
Resultat frå Frydenbø Kvalik Cup i Blomlia 21.01.2012 I overkant av 100 alpinistar deltok på årets Blomliarenn - eller Frydenbø Kvalik Cup nr. 3 som det også heiter i år. Førdealpinisten Kristine Nygård og Rasmus E. Skarstein frå Olden IL henta heim bestemannspremiane denne gongen. Begge køyrer i 14/15 års klassen.
Resultater frå sesongsopninga i Sogn Skikrinsen har no lagt ut resultatlistene frå sesongopninga på Hafslo (SSL) og Hodlekve (SL) 14 - 15.01.2012. Av Førde-alpinistene utmerka Jørgen H. Lambrechts seg med dobbelsiger i G 12-13, og full score på kvaliken til Landsfinalen. På Hafslo vann også Maria Hoff Mortensbakke sin storslalom i J11 klassa.
Av andre pallplassar tekk vi med at Kristine Nygård (J 14-15) berre 3 hundredeler frå siger på Hafslo laurdag kveld (med full stopp i første), og Daniel Starheim (G 11) kneip andreplassen i søndagens slalom på Hodlekve. Elles fekk Kristian Opseth (G 11) tredjeplass i storslalomen på laurdag.
Nok ein pallplass på Kari Førdealpinstane og Oppdal VGS-elevane Kari B. Hole og Ivar Fugle Nordhaug brukar den første veka i 2012 til å forbetre FIS-punktane sine på Oppdal - og så langt har det starta bra.
Kari køyre seg i dag opp fjerde til andreplass i dagens slalom. No er ikkje den offisielle resultatlista publisert enno, men vi antar at dette må vere tett opp mot karrierebeste i disiplinen (har kun sigrar i SSL, SG og utfor frå tidlegare).
Ivar køyrte inn til 30. plass i herrane sitt renn, og også dette antar vi er tett opp mot karrierebeste i høve FIS-rankingen.
Kongleskiskulen 2012 er fullteikna Kongleskiskulen 2012 er fullteikna for denne sesongen, ettersom 120 unge og håpefulle vart påmeldt pr. 13. desember. Sidan klubben berre har rådvelde over 30 - 35 frivillige instruktørar, har vi diverre ikkje kapasitet til å ta inn fleire. Kongleskiskulen skal etter planen starte opp måndag 9. januar kl. 18.00.
To 3. plassar for Kari Førdealpinisten Kari B. Hole har sesongdebutert på Geilo denne helga, og henta heim to fine 3. plassar i storslalom (beste norske!). 30,29 FIS-poeng i laurdagens renn er tett opp mot karrierebeste uansett disiplin. I slalom vart det 9. og 13. plass.
Kari deltek på EC Kvitfjell! Førdealpinisten Kari Bergheim Hole er utteken til europacuprenna på Kvitfjell 02.12 -04.12.11. Disiplinane er storslalom og Super G.