NM senior - herrer DET VART HANDBALLFEST I ÅLHALLEN
25. august spelte Ål sitt herrelag sin første NM-kamp mot Drammen
HK på heimebane i Ålhallen. Dei som kom av spelarar, publikum og
funksjonærar gjorde det til ein festkveld, sjølv om arrangøren sakna ein
del folk. Omlag 120 betalande tilskodarar tok turen til Ålhallen og såg
at ålingsherrene klarte målsetjinga si. Med sluttresultatet 11-38 var
dei alt i alt fornøgde. Målvakt Erlend Grubben varta som forventa opp
med toppspel, og sette sine elitekolleger i DHK i skuggen. Det var òg
svært gledeleg å sjå at unggutane spelte stort. Peder Romslo scora i
debuten på seniornivå, Stig Andrè Tveito vart toppscorar etter 4
straffemål og Stein Olav Romslo spelte sin beste kamp for Ål. Men
egentleg fortener alle skryt for innsatsen mot overmakten.
Handballfest på Ål 25. august NM senior - herrer 25.
august speler Ål sitt herrelag sin første NM-kamp mot Drammen på
heimebane i Ålhallen. Kl. 19 håper me alle tek seg ein tur i hallen for å
sjå ålingane by opp Drammen til kamp.
Ål Cup handball Det neste store idrettsarrangementet på Ål er Ål Cup handball. Denne turneringa går føre seg helga 30. april til 2. mai, og 59 lag deltek. Meir info finn du på www.handball.aalil.no. No ligg også kampoppsettet ute.