Klubblogo



  Vi spør
Er det viktig å ha seniorlag i Breimsbygda IL?

JA
NEI
VEIT IKKJE





    Hjem        Kontakt oss        Hovedlaget    24.07.2014  

TINE FOTBALLSKULE PÅMELDING




TO FRÅ BREIMSBYGDA I 3. DIVISJON HERRAR

Herrelaget har aldri spelt i 3. divisjon, men dommarane våre har vore der i fleire år. I kampen Eid - Larsnes/Gursken var både Stein Otto Førde og Ståle Sandal med som assistentdommarar.
 
Foto: Haugenfotball.no

LEANDER OG ARNE TRENAR MED STRYN

Leander Seime har fått dispensasjon til å spele seniorfotball frå og med haustsesongen. Eit av vilkåra for slik dispensasjon er at han trenar med ein klubb på minst 3. divisjonsnivå minimum ein gang i veka. I drøftingar med fotballkretsen og Stryn er det då teke ei avgjerd om at også Arne Nybø Gangeskar skal få tilbod om å trene på dette nivået. Leander sin dispensasjon er mogleg fordi han held kretslagsnivå i årsklassa 99. Arne er eit år eldre og treng ikkje dispensasjon. Han har allerede fått brynt seg ein halv sesong med dei "vaksne karane". Vi vonar dette er eit signal til fleire unge spelarar om at det er mogleg å komme frå Breim og likevel bli lagt merke til. Oppskrifta er enkelt: Det må trenast.  

Bilde: Leander i ei litt yngre utgåve (2012 ?)



SURT TAP HEIME MOT KAUPANGER 2

Damelaget tapte i kveld 1-2 i heimekampen mot Kaupanger 2. Sandra Kleppenes Sårheim utlikna til 1-1 i første omgang, men bortelaget gjekk likevel til pause med med leiing 1-2. I andre omgang var det einvegskøyring mot Kaupanger 2 sitt mål, men ballen ville ikkje forbi bortelaget sin gode keeper.

 
15 år gamle Sandra Kleppenes Sårheim scora sitt andre mål på seniornivå.
Foto: Knut Ove Henden
 





Les hele saken...
KNIPE TAP I BOTNOPPGJERET

Herrelaget tok turen til Hornindal for å spele siste kamp før ferien. Hornindal låg nest sist med 3 poeng før kveldens kamp så det var håp om poeng. Det blei diverre tap 2-1. Bereket Esseyas Tekle scora sitt første mål for Breimsbygda.
Kampfakta og bilete finn du på haugenfotball.no

GOD VÅRSESONG FOR LILLEGUTAR 12

Vårsesongen er ferdig for dei fleste av laga våre. Lillegutar 12 har vunne 4 av 7 kampar og slo til med 11-2 siger i siste kampen.
 
Foto: Vegar Sårheim

DAMELAGET SPELAR TIRSDAG 24/6

Damelaget sin utsatte kamp heime mot Kaupanger er no endeleg beramma til 24/6. Meir om dette kjem seinare.

4 BREIMNINGAR UTTEKNE TIL PROFFVEKA


Bilete: Julie Helle Felde, Leander Seime, Arne Nybø Gangeskar og Sandra Kleppenes Sårheim er alle tekne ut til Proffveka 2014. Meir om proffveka kan du finne her: https://www.facebook.com/proffveka?fref=ts



Les hele saken...
SMÅGUTELAGET SNUDDE KAMPEN IGJEN - SLO STIL

I heimekampen mot Sandane imponerte smågutelaget endå ein gong. Etter å ha kome under i første omgang, blei det utlikning rett før pause. I andre omgang tok Breimsbygda over kampen og vann til slutt fortent 2-1. Tommy Flølo og Kurt Røyseth Seime scora måla.

Foto: Leif Øystein Felde 

Les hele saken...
NYTT STORPTAP

Herrelaget fekk "bakoversveis" så hatten passa i kampen mot Eid 2 søndag ettermiddag. Eit eidalag med ein heile "benken" frå siste 3 divisjonsoppgjer på bana vart rett og slett fleire nummer for store for våre spelarar. Når så fleire av våre spelarar tydlegvis ikkje hadde hatt den rette oppladninga og var lite motivert for kamp, måtte dette gå gale. Konklusjonen er at vi bør bruke resten av sesongen til å tenkje læring og teste ut kven som er villig til å legge ned den innsatsen som krevst for å oppretthalde eit lag i bygda. Utfordringa no blir å fullføre sesongen på ein seriøs og skikkeleg måte og ikkje kaste korta fordi det "buttar" i mot.

Andreas reiser i militæret og Kjetil soner karantene. Ingen av dei er tilgjengelige til neste kamp. Foto: Knut Ove Henden


  Flere nyheter Arkiv    
  Siste miniputt trening mandag 16 juni ! 15.06.2014  
  KAMPOPPSETT MINIPUTTURNERING SANDANE 11.06.2014  
  SAMLING FOR G10 LAGA TIL BBIL OG STIL 15.06.2014  
  TAP MOT SERIELEIAREN 14.06.2014  
  STARTAR POENGFANGSTEN NO? 13.06.2014  
  Innsamling av drakter-miniputt 12.06.2014  
  GODT LAGSPEL AV G11 LAGET! 11.06.2014  
  Miniputt turnering på Sandane 15 juni 09.06.2014  
  IKKJE MINIPUTTRENING MÅNDAG 9. JUNI 07.06.2014  
  LEANDER PÅ KRETSLAGET 06.06.2014  
  Velg lag eller serie
 
  Nyheter fra forbund
» TIPPELIGAEN: Målrikt på Åråsen
» Ny nettside for NFF: Gå inn på nye fotball.no her
» Toppserien: Fem på rad for Stabæk
» Norge - Nederland 1-0: - Kjempestolt av innsatsen
» A-kvinner: Møter Nord-Korea før EM i Finland
» Toppserien: Fløya tryggere i spillestilen
» TIPPELIGAEN: Huseklepp-perle hjalp lite
» STEINLUND TIL EM: - Gøy å få sjansen i EM
» God åpning for J16-landslaget: J16 scoret fem mot Island
» U23: Uttak til 4-nasjoners turnering
  Nyheter fra krets
» Ny heimeside
» Firdaligaen 2009
» Firdaligaen runde 11
» Magne Felde har gått bort
» Firdaligaen runde 10
» FURORE stipend
» Mange klubbar oppgraderar anlegg- og tribunefasilitetar
» Sommartid er fotballskuletid
» Firdaligaen runde 9
» Runde 2:Kongleriket miniputturnering

 

Vi støttar fotballen i Breim







 





























 HOVUDSPONSORAR BBIL:
































Breimsbygda IL - Fotball, Sandal, v/Pål Sandal, 6826  BYRKJELO
e-post: sandal954@yahoo.no